Große Seehorn er eit 3 121 meter høgt fjell i Silvrettafjella, på landegrensa mellom Sveits og Austerrike. Fjellet har ein prektig, lett hornaktig og pyramidelik utsjånad.

Gross Seehorn
fjell
Gross Seehorn med tårnet på Gross Litzner bakom sett frå vest frå toppen av Westlichen Plattenspitze
Land  Austerrike,  Sveits
Fjellkjede Silvretta
Høgd 3 122 moh.
Primærfaktor 434 m ↓ Fluchthorn
Koordinatar 46°53′17.5″N 10°01′55.7″E / 46.888194°N 10.032139°E / 46.888194; 10.032139
Førstestiging Florian Brosi
 - dato 26. august 1869
Kart
Große Seehorn
46°53′17″N 10°01′56″E / 46.888194444444°N 10.032138888889°E / 46.888194444444; 10.032138888889
Wikimedia Commons: Großes Seehorn

Fyrstebestiginga fann stad den 26. august 1869. Florian Brosi og Emil Hauser og dei tre fjellførarane Christian Jann, Chr. Jegen og Schoch kleiv til topps.

Große Seehorn og grannetoppen Großlitzner vert haldne for å vere dei vakraste tvillingtoppane i Silvrettafjella. Mellom dei går fjellryggen Litzner-Hochjoch (ca 2 960 m). Normalruta tek utgangspunkt i Saarbrücker Hütte og fører over Seelücke (2 776 m) og vidare over vestsida av fjellet, og opp nordvestegga til topps.

3 032 meter høge Chlein Seehorn ligg vest Große Seehorn. Denne fjelltoppen ligg i sin heilskap på sveitsisk grunn.

Kjelder endre