Grodagen
Grodagen er ein ekstra feriedag som vart tildelt det norske folket gjennom endring av ferielova den 15. mai 1981. Han er kalla opp etter Gro Harlem Brundtland, statsministeren som stod for innføringa. Grodagen var meint som byrjinga på opptrappinga mot ei femte ferieveke.