Grunnbeløpet i folketrygda

(Omdirigert frå Grunnbeløp)

Grunnbeløpet i folketrygda (vanlegvis forkorta til G) blir brukt som grunnlag for å rekne ut norske trygde- og pensjonsytingar. Regelverket kan for eksempel seie at ei yting skal vere på 3G, eller at ein person ikkje har rett på ei gitt yting dersom vedkomande har anna inntekt over 2G. G blir også brukt for å rekne ut pensjonspoeng.

Størrelsen på grunnbeløpets blir vedtatt av Stortinget på bakgrunn av forhandlingar i det årlege trygdeoppgjeret. Dette skjedde første gong då folketrygda blei oppretta i 1967. Beløpet blei då sett til 5400 kroner. Seinare er det regulert 1–3 gongar årleg. Frå 1. mai 2008 tilsvarer 1G 70 256 kroner per år.

Stortinget har vedtatt retningsliner for reguleringa av grunnbeløpet. Det er eit mål at beløpet skal ha same utvikling som løn for yrkesaktive, og i perioden 2003-07 var gjennomsnittleg vekst både i G og årsløn for alle grupper 4,2 prosent per år.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre