Grunnfjorden ved Skagøysundet
Grunnfjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til Grunnfjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Skjelklubben i sørvest og Tisneset i nordaust. I tillegg til Grunnfjord ligg gardane Solvoll, Bakkejord og Slettvoll på austsida av fjorden. Desse har vegsamband seg i mellom, men ikkje til resten av øya. Like aust for Grunnfjorden ligg Skogsfjorden.