Grunntilstand

Grunntilstand er innan kvantemekanikken den lågaste energitilstand eit system kan ha. Tilstandar med høgare energi, eksiterte tilstandar, går ved utsending av stråling i form av partiklar eller foton (lyskvant) over i grunntilstanden.

Energinivå for eit elektron i eit atom: grunntilstanden og eksitert tilstand. Etter å ha absorbert energi, kan eit elektron hoppe frå grunntilstanden til eit høgare energinivå.

KjelderEndra