Opna hovudmenyen
Guǎngzhōu
广州
Andre namn Canton, Kanton
Kantonesisk uttale:
Mandarin-uttale:
Perleelva i Guangzhou.
Perleelva i Guangzhou.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Geografi
Flatevidd
 - By

7434,40 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

10 334 500
  1390,1/km²
Koordinatar 23°7′44″N 113°15′32″EKoordinatar: 23°7′44″N 113°15′32″E
Høgd over havet 11 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 510000
Telefon-retningsnummer 20
Bilnummer A
Nettstad: gz.gov.cn

Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao.

Park i Guangzhou

Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina.

Den økonomiske veksten i byen var til dømes 6,5 % i 2018.[1] Dei største eksportmessene i Kina finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten.

HistorieEndra

Busettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. Under Qin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturet Nanhai ('Sørhavet'). Under Han-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmet Nanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for «havets silkeveg». Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som til India og Arabia.

Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet «Friedericus Rex Sueciae» kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732.

Den økonomiske veksten i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao har vore kraftig.

KulturEndra

Guangzhou var tidlegare kjend som «Kanton» i Vesten, og dette har gjeve opphav til fleire nemningar: Det kinesiske språket kantonesisk som blir tala i området og er morsmål for rundt halvparten av innbyggjarane i byen,[2] og kantonesisk mat, ein hovudretning innan kinesisk matlaging som byen lenge var hovudsete for.

StyresmakterEndra

Leiaren for lokalavdelinga av Kinas kommunistparti er Zhang Shuofu, og borgarmeisteren er Wen Guohui (2019).

KjelderEndra

  • Opphavleg omsett frå wikipedia på bokmål/riksmål, den 01.02.2007

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Guangzhou
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.