Faderen, eller Gud Fader, er i dei dominerande retningane innanfor kristen teologi nemninga på ein av medlemmene av den heilage treeininga. For alle kristne er det eit namn på Gud.

Gud Fader, olje på kanvas tilskrive Giovanni Battista Cima.
Gud som far måla av Fra Bartolomeo i 1509.

Idéen om Gud som far har ei særskild stilling i kristendommen. I tillegg til å vera den som skapte verda og alle menneskja, er han òg far til Jesus Kristus, som sjølv ofte omtalte han som far. I Evangeliet etter Matteus 11:27 seier Jesus: «Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.» I dei dominerande retningane innan kristendommen blir dette tolka som at farskapen er ein del av Guds natur. Farstilhøvet blei styrkt gjennom bøna Jesus lærte disiplane, Fader vår, der ein vender seg til Gud først og fremst som ein farsskikkelse.

Uttrykket «Gud Fader» eller berre «Fader» har vore tabuord i Noreg og blir derfor mykje brukte innan norsk banning.

Kjelder endre