Gudinna Sol

Sol var den av åsynjene eller gudinnene i norrøn mytologi som førte solvogna over himmelen. Solvogna var ei vogn med sola i. Gudinna Sol var dotter av Mundilfare. Ho var syster til guden Måne.

Sol og Måne forfølgde av ulvane. Illustrasjon av John Charles Dollman frå 1909.

Solvogna vert dregen av to hestar, Arvaker og Allsvinn, som Sol stadig skundar på. Som Måne vert ho nemleg jaga av ein ulv, Skoll. Tek han henne att, vil han sluka heile sola. Det er spådd at dette vil skje ved Ragnarok. Solformørkingar vart sett på som teikn på at ulven nesten hadde fått tak i henne.

Sol vart òg kalla Sunna. Sundagen er kalla opp etter henne.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Gudinna Sol