Gudolf av Blakstad

(Omdirigert frå Gudolf frå Blakstad)

Gudolf av Blakstad (død 1226) høyrde først til baglarane (kyrkjepartiet) under borgarkrigstida i Noreg og var ei tid syslemann i Lier. I 1218 gjekk han frå baglarane og over til kong Håkon Håkonsson. Han blei usams med kongen og tok initiativ til opprettinga av ribbung-partiet som ville ha Sigurd Ribbung til konge. Sigurd blei drepen i 1226, og Gudolf blei drepen av bønder like etter, på garden sin på Blakstad i Asker.

Gudolf av Blakstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. hundreåret
Blakstad
Død

1226

Yrke sysselmann

Kjelde

endre
  • Store Norske Leksikon