Sysselmann

myndigheitsrepresentant

Ein sysselmann eller syslemann var kongens fremste ombodsmann i syslet som frå andre halvdel av 1100-talet var dei administrasjonseiningar Noreg blei oppdelt i.

Sysselmannen sytte for at kongen sine inntekter kom inn, både skatter og bøter. Han hadde viktige oppgåver innanfor rettsvesenet, men dømde sjølv berre i ekstraordinære tilfelle. Han blei løna av bøtene som blei pålagde og kravde inn. Syslet og prostedømet hadde identiske grenser.

I samband med den norske okkupasjonen i 1932 av Øst-Grønland blei det oppretta eit sysselmannsembete i Eirik Raudes Land med Helge Ingstad som sysselmann . Året etter drog Noreg seg ut av området etter å ha tapt saka mot Danmark i Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie i Haag.

Etter at Jan Mayen blei norsk i 1930 blei Sysselmannen på Svalbard også Sysselmann på Jan Mayen[1]. Den geografiske avstanden mellom Jan Mayen og Svalbard gjorde forvaltninga vanskeleg. Dette førte til at det administrative ansvaret for Jan Mayen den 1. januar 1995 blei overført til Fylkesmannen i Nordland.

I våre dagar eksisterer tittelen sysselmann berre i embetet som sysselmann på Svalbard, oppretta 1. juli 1925. Frå og med 1.juni blir tittelen sysselmann endra til sysselmeister ettersom tittelen skal bli kjønnsnøytral.[2]

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Fylkesmannen i Nordland: Jan Mayens historie[daud lenkje]
  2. Nordre (11. desember 2020), «Sysselmannen på Svalbard blir meister», Nordre (på norsk), henta 13. desember 2020