Gudveigs runer er ei runeinnskrift på ein trepinne som vart funnen ved utgravinga av kyrkjegarden på Herjolfsnes (Ikigaat) på Grønland i 1921. Innskrifta fortel om Gudveigs lagnad på ei ferd over havet og kan vera frå rundt år 1300.

Arkeologane kom først over ei trekiste som hadde halde seg godt, men det såg ikkje ut som om nokon var gravlagde i ho. I botnen av kista var det rissa inn ein kross der brystet til den døde ville ha vore. Elles inneheldt kista berre ein trepinne som låg i det eine hjørnet av hovudenden av kista. På pinnen var det skore inn ei runeinnskrift over to sider, innleidd med ein kross. Omskrive til latinske bokstavar ser ho slik ut:

þæsi : kona : uar : lagþ – firi : borþ : i grønalaz : haf(e) : ær : guþu(e)h : het

På normalisert norrønt lyder innskrifta:

Þessi kona var lagð fyrir borð í Grœnalands hafi, er Guðveig hét.

På moderne norsk:

Denne kvinna, som heitte Gudveig, vart lagt over bord i Grønlandshavet.

Truleg har kvinna blitt sjuk og lete livet på ferda over havet, kanskje etter å ha vitja slekt og vener på Island eller i Noreg. Sorga har vore stor då skipet kom attende til Grønland. Dei etterletne har sørgt for at Gudveig fekk ei kristen gravferd sjølv om hennar jordiske leivningar låg på havsens botn. Runepinnen skulle kanskje vitna over for dei høgare makter om kva som var lagnaden hennar.

Runeinnskrifta er ei av fleire grønlandske runer, som skriv seg frå den norrøne busetjinga på Grønland. Busetjinga strekte seg frå 900-talet til 1400-talet, altså ein periode på rundt 500 år. Pinnen med Gudveigs runer er i dag oppbevart ved Nationalmuseet i København.

Kjelder endre

Artikkel med informasjon og bilete frå Nationalmuseet i København Arkivert 2013-03-10 ved Wayback Machine.