Gulen skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,[1] som femna om område på begge sider av den noverande fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Eivindvik er sentralstad i noverande Gulen kommune.

Geografisk område:

1773 vart Sandnes sokn overført til Lindås skipreide, og samstundes vart gjenverande del av Gulen skipreide overført til Ytre Sogn domssokn i Nordre Bergenhus amt. På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1858 vart Gulen tinglag omskipa slik att det samsvarte med dåverande Eivindvik sokn og kommune.[2]

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre