1800-talet

hundreår

< 1800-talet > viser til hundreåret frå 1800 til 1899 i den julianske og den gregorianske kalenderen.

Verdskart med område under ulike store statar og kolonimakter i 1898
General Bonaparte ved slaget ved Friedland i 1807. Måleri av Horace Vernet

Politikk

endre

Byrjinga av hundretalet såg eit Europa endra av Napoleonskrigane. Noreg fekk ein grunnlov og blei overført frå unionen med Danmark til svensk herredøme som følgje av krigane.

Fleire store rike tok til å gå i oppløysing, som dei spanske og portugisiske imperia i Amerika, Kina, Det osmanske riket. Mogulriket blei heilt utrydda etter det indiske opprøret i 1857. Det britiske imperiet styrkte og utvida derimot stillingane sine i India, Afrika, Aust-Asia og Australasia.

Det tysk-romerske riket blei oppløyst ved byrjinga av hundreåret og Det tyske keisardømet oppretta i 1871.

USA opplevde borgarkrig mellom Nord- og Sørstatane på 1860-talet.

Teknologisk og sosial utvikling

endre

1800-talet såg ei rekke teknologiske nyvinningar og utbetringar. Det blei lettare å reisa langt gjennom jernbaneutbygging, makadamisering av vegar og ei rekke nye fargreier, som sykkel, bil og dampskip. Suezkanalen opna i 1869, og letta skipsfarten mellom Europa og Asia. Betra transport og nye maskinar førte til store endringar i handel, industri, bu- og reisemønster, og vidareførte den industrielle revolusjonen. Noreg opplevde endringar som er blitt kalla Det store hamskiftet.

Kunst og idear

endre
 
'Monet målar i hagen sin'. Måleri av Pierre-Auguste Renoir frå 1873

Romantikken, medrekna nasjonalromantikken, var viktige tanke- og kunstretningar, men 1800-talet såg også utviklinga av realismen, medrekna naturalismen, og impresjonismen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: 1800-talet
<   1800-talet  >
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.