Gulestøa

gard i Bremanger

Gulestøa er ein gard ved utløpet av Gulenfjordane i Bremanger kommune.

Gardsnamnet er nemnt allereie i 1667. Garden har hatt ulike namn som t.d. Gullestøl, Gulestøe, Gulestødl, Gulestøen, Gulestøl, Gulestøa. Frå gamalnorsk har ordet gul eller gol tydd sterk vind men nokon tydar det òg som gjol eller kløft. Ordet stø kjem av landingsplass for båtar som i ordet «båtstø».

Første registrerte husmann eller strandsitjar er Daniel f. 1620.[treng kjelde]