Gulkrokus
hybridart i krokusslekta
Gulkrokus (Crocus ×luteus, tidlegare òg kalla Crocus ×stellaris) er ei plante i krokusslekta i sverdliljefamilien.[1] Arten er ein kulturhybrid med foreldreartane C. angustifolius frå Krimhalvøya og C. flavus frå Balkan og Tyrkia (C. angustifolius × C. flavus).[2]
Gulkrokus | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Sverdliljefamilien Iridaceae |
Underfamilie: | Crocoideae |
Slekt: | Krokusslekta Crocus |
Art: | Gulkrokus C. ×luteus |
Vitskapleg namn | |
Crocus ×luteus |
I Noreg er arten ein framandart som er komen inn som prydplante og første gong funnen i naturen i 1890. Han veks spreidde stader frå Oslo til Hitra. Mange funn har tidlegare vore registrerte som C. flavus, men det er uvisst om den arten i det heile har vore dyrka i Noreg.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Gulkrokus». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 209.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: gulkrokus Crocus ×luteus Lam.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 11. februar 2024.
- ↑ «Fremmedartslista 2018: Crocus ×stellaris». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 10. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) gulkrokus hos Artsdatabanken