Gulldusk
Gulldusk (Lysimachia thyrsiflora) er ei fleirårig plante i fredlausslekta i fredlausfamilien. Det er ei opprett plante med opne blomsterstandar. Kvart skot er loddrett og har krossvist motsette, heilranda blad som er lansettforma. Over- og undersida er glatt og lysegrøn. Blomstringa skjer i juni-juli, der dei tette hovuda av små, gule blomstrar sit på lange stilkar i bladhjørna. Frukta mognar godt og spirer villig.
Gulldusk | |
Gulldusk | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Nøkleblomfamilien Primulaceae |
Underfamilie: | Myrsinoideae |
Slekt: | Lysimachia |
Art: | Gulldusk L. thyrsiflora |
Vitskapleg namn | |
Lysimachia thyrsiflora |
Røtene sit på ein vassrett rotstokk som òg ber éit eller fleire, loddrette skot.
Planta blir 0,30 x 2 m med ein vekst på 30 x 10 cm/år.
Utbreiing
endrePlanta er viltveksande i Noreg og Danmark der ho veks i fuktig mark som kjerr og fuktige enger.