Opna hovudmenyen

Koordinatar: 68°31′55.218″N 15°45′11.804″E Gullesfjordbotn er ei grend inst i Gullesfjorden i Kvæfjord kommune i Troms.

Gullesfjordbotn fekk først vegsamband i 1964, då det blei bygt riksveg til staden. Staden blei eit trafikknutepunkt då Lofast opna 1. desember 2007. Rundkøyringa som bind europaveg 10 frå Lødingen mot Lofoten saman med riksveg 85 mot Vesterålen ligg her. Fylkesveg 103 går frå rundkøyringa og langs austsida av fjorden, til Gullholm.

Det ligg ein campingplass på staden, Gullesfjordbotn Camping, som starta med kafé og to hytter i 1959.

NaturvernEndra

Ein del av Gullesfjordbotn er verna som naturreservat, på grunn av at eit av de best utvikla strandengkompleksa i Sør-Troms ligg her, og for å verna fuglelivet på staden. Verneområdet har eit areal på ca. 315 dekar, der ca. 135 dekar er landareal og ca. 180 dekar er ferskvatn/sjøareal. Verneforskrifta blei vedteken i 1995.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra