Gunerius Furuholmen

norsk ingeniør

Gunerius Furuholmen (12. januar 1861august 1947) var ein norsk lensestyrar og fløytingsleiar frå Varteig i Østfold. Richard Furuholmen var far hans, Richard Gustav Furuholmen, oftast omtala som Rich. G. Furuholmen, sonen hans.

Gunerius Furuholmen
Fødd 12. januar 1861
Død

23. august 1947 (86 år)

Yrke ingeniør, politikar

Han avla ingeniøreksamen ved Trondhjems tekniske skole i 1881. Frå 1885 til 1908 var han fløytingsinspektør og lensestyrar ved anlegg i Glomma. Fyrste åra var han ved lensene ved Furuholmen, sidan 1899 tok han over Hvitsten lense etter far sin. Han samarbeidde med faren om å forbetre fløytinga i nedre Glomma. Frå 1909 var han tilsett fløytingskontoret i Fredrikstad.

Furuholmen var ordførar i Varteig 1898-99. Valbolken 1910-12 representerte han Tune krins på Stortinget. Han var medlem av kyrkjekomiteen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914