Gunnar Andersen
Gunnar Andersen (18. mars 1890–25. april 1968) var ein norsk idrettsmann frå Oslo, skihoppar og fotballspelar. På fotballbana var han ein «eminent halfback, oppoffrende lagspiller og myndig kaptein». I 1918 vart han den fyrste som vart tildelt Egebergs ærespris.
Gunnar Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mars 1890 Drøbak |
Død | 25. april 1968 (78 år) Oslo |
Idrett | fotball, skihopping |
Tok del i | Sommar-OL 1920, Sommar-OL 1912 |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris |
Karriere
endreSki
endreSundag 18. februar 1912 sette Andersen uoffisiell verdsrekord då han vann hopprennet i Gustadbakken i Modum med eit bestehopp på 47 meter.[1]
Fotball
endreAndersen fekk sin landslagsdebut i 1911. Han var i mange år lagkaptein, mellom anna då Noreg i juni 1918 vann 3–1 over Danmark og landslaget kunne bokføre sin fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Andersen deltok både i Sommar-OL 1912 i Stockholm og i Sommar-OL 1920 i Antwerpen. I Antwerpen overraska det norske mannskapet ved å slå England, ein av favorittane i turneringa. [2] Då olympiaden var over kom han med som venstre-half på eit tenkt verdslag. Han spelte sin 46. og siste landskamp i 1924.
Andersen spelte på fotballaget til Ski- og fotballklubben Lyn frå 1912 til 1924. Laget tok seg til finalen i noregsmeisterskapen i 1923, der det vart tap mot SK Brann.
Sidan var han fotballdommar.I fleire år sat han i styret til Norges Fotballforbund og i komiteen som tok ut landslaget.
Merittar
endre- Tap i cupfinalen: 1923 med Lyn