Opna hovudmenyen

1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon.

< 1968 >

1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970
Mekiskanske studentar jublar rundt ein utbrent buss 28. juli 1968.
Foto: Marcel·lí Perelló
Richard Nixon under valkampen til neste års presidentval, som han skulle vinna.
Foto: Oliver F. Atkins
Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd.
Foto: Lama Jey Tsong Kapa

Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1]

Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.

USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2]

Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og vonbrot, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst framleis innan seinare politikk.[3],[4]

Innhaldsliste

HendingarEndra

 
Amerikanske soldatar ved ein bunker under Operation Worth. I 1968 hadde USA grave seg fast i Vietnam, og fleire tok til å tala mot krigen.

Pågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975).

UtlandetEndra

 
Øydeleggingar etter opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.
Foto: Warren K. Leffler
 
Minnesmerke til slovakarar som blei drepne 21. august 1968.

NoregEndra

FødtEndra

Sjå òg Fødde i 1968.
 
Frederik, den danske kronprinsen, vart fødd 26. mai
 
Aili Keskitalo, første kvinnelege sametingspresidenten, vart fødd 29. oktober
 
Karl Ove Knausgård vart fødd 6. desember

DødeEndra

Sjå òg Døde i 1968.
 
Menneskerettsforkjemparen Martin Luther King, Jr. og president Lyndon B. Johnson i 1964. King blei skoten i 1968.

Skildringar av 1968Endra

1968 er blitt skildra i ei rekke kulturelle verk, til dømes har forfattaren Milan Kundera og visediktaren Karel Kryl skrive om prahavåren. Skodespelet The Party av Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia.

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: 1968
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1968

GalleriEndra

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>