Gunnar Jakobsson Birkeland (20. oktober 179929. april 1871) var ein norsk skipper og bestillingsmann frå Sokndal i Rogaland, stortingsmann 1836-37 for Stavanger amt.

Gunnar Birkeland
Fødd 20. oktober 1799
Død

29. april 1871 (71 år)

Birkeland var son til ein gardbrukar i Sokndal. Han tok styrmannseksamen i 1817 i Kristiansand og var skipper til 1855, unnatake nokre år på 1840-talet då han dreiv høkerhandel i Egersund. Frå 1856 til han døydde var han losoldermann, hamnefut og innrulleringsbetjent i Egersund.

I 1839 var Birkeland ein av stiftarane av Egersund sparebank og sat i bankstyret i mange år. Han var elles ordførar i Egersund i mange år og forlikskommissær. I ti år var han også kemner. Han var 4. representant frå Stavanger amt på stortinget 1836 og omframtstortinget 1836-37, medlem i Tollkomiteen.

KjelderEndra