Gunnar Hjeltnes
Gunnar Hjeltnes (fødd 25. desember 1922) er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Myrdal i Ulvik i Hordaland. Han vart norsk meister i utforrenn i 1951. Hjeltnes var medlem i Myrdal Idrettslag.
Gunnar Hjeltnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1922 |
Død | 7. november 2013 (90 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1952 |
Hjeltnes vann tre NM-sølv og like mange NM-bronsar i tida 1948-52. I 1951 rann han ned til NM-gull i utforrennet på Norefjell, eit halvt sekund framom Stein Eriksen på sølvplassen. Hjeltnes deltok i Vinter-OL 1952, der han vart sjuandemann i utfor og kom på tiandeplass i storslalåm-tevlinga.