Norefjell sett frå Sokna på Ringerike.

Norefjell er eit høgfjellsområde i Hallingdal, i kommunane Krødsherad, Sigdal og Flå. Området grensar mot Hardangervidda og Krøderen. Det er ein kjend hytte- og vintersportsstad med ei rekke aktivitetar. Fleire kjende og rike nordmenn har hytte i området.

Staden har trekt til seg turistar sidan midten av 1800-talet, som kom for å oppleva ekte norsk natur og turgåing året rundt. I 1952 vart nokre av OL-øvingane haldne her. Alpinanlegget som blei bygd då og seinare vidareutvikla er eitt av dei største i Norden. Ein kan stå på ski i over 6 km utan å ta heis, og høgdeforskjellen mellom topp og botn er 1010 m.

Området satsar på meir sommarlege aktivitetar med golfbane og hestesenter.

Dei høgaste toppane i Norefjell er Gråfjell (1466 moh.) og Høgevarde (1459 moh.). Sjølve fjellet er bygd opp av kvartsitt.

BakgrunnsstoffEndra