Gunnar Kagge

Gunnar Gjerdrum Kagge (fødd 14. april 1960) er ein norsk Aftenposten-journalist og forfattar.

Gunnar Kagge
Fødd 14. april 1960 (61 år)
Yrke journalist

Kagge er cand. philol. i historie frå Universitetet i Oslo og har 35 års røynsle som journalist. Han skriv for det meste om politikk og økonomi, har arbeidd mykje med popularisering av historie. Frå 2009 hadde han i Aftenposten i fire år vekentlege artiklar om land i heile verda. Han har utgjeve boka Den store ferdguiden (2005) saman med reiselivsguru Jens A. Riisnæs. Han har òg skrive Vårt århundre (2008), ein faktabok om det 20. århundret for barn, fleire vitsebøker og ein «ledelsesbok for dei som vert leidd», Trolla sprekker når du ler av sjefen (2007). Kagge er utdanna historikar ved Universitetet i Oslo. Han er svoren sykkelentusiast og reiser mykje, helst på sykkelsetet for å oppleva historiske stadar.

Sommaren 2016 sykla han åleine tvers over USA i tida før av presidentvalet. Eit viktig føremål med turen over det amerikanske kontinentet var å driva gammaldags, oppsøkjande journalistikk og snakka med lokale folk. Hovudtemaet var det komande presidentvalet i USA. Undervegs informerte han Aftenposten-lesarane om stemninga blant veljarar langs ruta. I tillegg følgde drygt 4 250 han gjennom Facebook-bloggen «Sykkelgunnar», der han gav daglege dosar med historier og inntrykk, formidla gjennom tekst, bilete og videoinnslag.

BibliografiEndra

  • Land i verden
  • Forbudstid, den norske krigen mot brennevinet
  • Den store ferdguiden saman med Jens A. Riisnæs
  • Vårt århundre
  • Trollet som spekker når du ler av sjefen
  • Å sykle USA på tvers

KjelderEndra