Opna hovudmenyen

Gunnar Mykstu

norsk politikar

Gunnar Mykstu (7. januar 190918. november 1974) var ein norsk skogsarbeidar og politikar frå Rollag. Han representerte Buskerud fylke og ArbeidarpartietStortinget frå 1958 til 1965.

Gunnar Mykstu
Fødd 7. januar 1909
Død

18. november 1974

Yrke politikar

Mykstu var son til ein småbrukar. Etter å ha gått Numedal Folkehøgskole skulevinteren 1925/26 arbeidde han i skogbruket fram til 1958. Frå 1947 var han tømmermålar i Lågen distrikt og frå 1949 i tillegg hjelpeblinkar i Rollag.

Mykstu var medlem i Rollag heradsstyre 1934–1940 og på ny 1947-55. Valperiodane 1950-53 og 1954-57 var han vararepresentant til Stortinget for Buskerud Arbeidarparti og møtte då nokre veker i staden for vald representant. Gjennom stortingsvalet hausten 1957 rykte han inn på fast tingplass, attvald i 1961. Alle åtte sesjonane 1958-65 var han medlem i Justiskomiteen.

KjelderEndra