Gunnar Skaug

norsk politikar

Gunnar Skaug (25. mai 194024. juni 2006) var ein norsk journalist og politikar frå Sarpsborg som representerte Østfold og ArbeidarpartietStortinget i periodane 1969-73 og 1981-2001. Han var president i Odelstinget frå 1993 til 2001.

Gunnar Skaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mai 1940
Sarpsborg kommune
Død

23. juni 2006 (66 år)

Yrke politikar, journalist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Skaug tok eksamen artium i 1959 og var deretter journalist i Østfold-Posten eit par år. Frå 1962 til -63 var han soldat i FN-styrkane i Gaza, før han byrja på Nordisk Folkehøyskole i Genève hausten 1963. Deretter var han journalist i Moss Dagblad, til dess han i 1965 vart redaktør av Fritt Slag og samtidig journalist i Finnmark Dagblad. I 1967 kom han tilbake til Moss Dagblad og jobba som journalist i to år før han vart vald inn på Stortinget i 1969. I Moss var han med i kommunestyret frå 1968 til -75. Her var han også formann i skulestyret i perioden 1972-75.

Valbolken 1969-73 var Skaug stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Østfold, men han vart ikkje attvald i 1973 og nådde heller ikkje opp ved stortingsvalet 1977. Åra 1973-81 arbeidde han i staden som sekretariatsleiar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Fyrst ved stortingsvalet 1981 lukkast Skaug å kome innatt på Stortinget frå Østfold-benken, der han så vart verande fast representant til 2001. Gjennom sine til saman seks periodar som stortingsmann, bytta Skaug alltid stortingskomite etter vala. Han var såleis medlem 1969-73 og sekretær 1971-73 i Adminstrasjonskomiteen, skiftet til sekretær kom då den fyrste Bratteli-regjeringa vart danna i mars 1971. Deretter var han medlem 1981-85 i Sosialkomiteen, 1985-89 i Kyrkje- og undervisningskomiteen, 1989-93 i Utanriks- og konstitusjonskomiteen og 1993-97 i Forsvarskomiteen. Den siste tingperioden, 1997-2001, var han med i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, som leiar av komiteen frå då Jens Stoltenberg skipa si fyrste regjering i mars 2000.

Skaug var landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti 1977-81 og 1989-91.

Kjelder endre

Stortingsbiografi