Jens Stoltenberg
Jens Stoltenberg (fødd 16. mars 1959) er ein norsk politikar og tidlegare generalsekretær i Nato. Den 4. februar 2025 vart han utnemnd til finansminister i Støre-regjeringa.[1] Han har forutan vore norsk statsminister to gonger og partileiar for Arbeidarpartiet. Dessutan har han vore finansminister ein gong tidlegare, nærings- og energiminister og statssekretær i Miljøverndepartementet.
Politisk karriere
endreStoltenberg blei norsk statsminister den 17. oktober 2005 som leiar for andre Stoltenbergregjeringa. Han var tidlegare statsminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i regjeringa Stoltenberg I. Kjell Magne Bondevik etterfylgde Stoltenberg som statsminister i 2001, medan Stoltenberg i sin tur etterfylgde Bondevik i 2000 og 2005.
Jens Stoltenberg er òg leiar av Arbeiderpartiet, eit verv han overtok etter Thorbjørn Jagland i november 2002. Frå 1992 hadde han vore fyrste nestleiar i Ap. Han har vore finansminister (1996–1997), nærings- og energiminister (1993–1996) og statssekretær i Miljøverndepartementet (1990–1991).[2]
Han er den fyrste norske statsministeren nokonsinne som har vitja Sørpolen. Dette skjedde i 2011, då han skulle vere med og markere 100-årsjubileet for Roald Amundsen sin ankomst til Sørpolen.[3]
Andre verv
endreStoltenberg gjekk av etter åtte år som statsminister hausten 2013. Den 1. oktober 2014 gjekk Stoltenberg inn i stillinga som generalsekretær i Nato.[4] Perioden hans vart forlenga fire gongar blant anna på grunn av krigen i Ukraina.[5][6]
Personleg
endreStoltenberg vart fødd i Oslo som son av tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg. Han er utdanna sosialøkonom, gift og har to barn.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Jens Stoltenberg ny finansminister». Finansdepartementet. 7. februar 2025.
- ↑ regjeringen.no (25. juni 2014), «Jens Stoltenberg», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. september 2022
- ↑ Stoltenberg er første norske statsminister på Sørpolen i tv2.no
- ↑ NATO, «NATO Secretary General Jens Stoltenberg», NATO (på engelsk), henta 29. september 2022
- ↑ NATO. «NATO Secretary General Jens Stoltenberg». NATO (på engelsk). Henta 29. september 2022.
- ↑ Simen Ekern & Laila Ø. Bakken. «Stoltenberg fortsetter: – Jeg er beæret» (på norsk bokmål). NRK. Henta 2. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
endre