Gunta Stölzl (5. mars 189722. april 1983) var ein tysk tekstilkunstnar som kom til å ha tyding for utviklinga av verkstaden på Bauhaus som var retta mot veving som kunstform. Ho var den fyrste kvinnelege meisteren og verkstadsleiaren i Bauhaus-rørsla.

Gunta Stölzl

Statsborgarskap Tyskland, Sveits, Israel
Fødd 5. mars 1897
München
Død

22. april 1983 (86 år)
Männedorf

Yrke designar, kunstmålar, skribent, tekstilkunstnar, vevar, kunstnar
Språk tysk
Gunta Stölzl på Commons
Veggteppe av Gunta Stölzl.

Stölzl byrja å studera ved Bauhaus 1920 etter tidlegare kunststudium i fødebyen sin München.[1] På 1920-talet kom avdelinga som fyrst blei kalla Kvinneverkstaden til å utvikla seg til verkstaden for veving, noko Stölzl var med på å skapa. I rolla som lærar ved verkstaden tok ho inn inn påverknad frå moderne kunst, og det var rom for henne både til å arbeida med eldre teknikkar og høve til å eksperimentera med nytt materiale med kollegaer og studentar. Ho var òg drivkrafta i å innføra matematikk for å støtta læringa til studentane innan teknikk og industriell design i samband med veving.

I 1925 blei Stölzl meister i avdelinga si, og seinare òg leiar. Verkstaden blei rekna som ein av Bauhaus mest framgangsrike under leiinga hennar.

Etterkvart som nazistane vann meir makt i Tyskland blei det stadig vanskelegare å driva Bauhaus-skulen ut frå den opphavlege ideologien. Dette førte til at Stölzl, som hadde gifta seg med den jødiske arkitekten Arieh Sharon 1929, til å forlata skulen i 1931.

Frå 1931 budde Stölzl, som hadde tapt det tyske statsborgarskapet sitt gjennom ekteskapet, i Sveits. Har dreiv ho hovudsakleg med tekstildesign for innreiing, som teppe og møbelstoff.[1] I 1936 blei det fyrste ekteskapet hennar oppløyst, og i 1942 gifta ho seg med journalisten Willy Stadler.

Gunta Stölzl er representert ved blant anna Metropolitan Museum of Art[2] og Museum of Modern Art.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «History of textile art: Gunta Stölzl (1897–1983)». TextileArtist.org (på engelsk). 17 maj 2013. Henta 6 mars 2019. 
  2. «Search the Collection - Gunta Stölzl». Metropolitan Museum of Art, metmuseum.org. Henta 17 mars 2024. 
  3. «Gunta Stözlz». moma.org. Henta 17 mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gunta Stölzl