Gunvald Engelstad

norsk politikar

Gunvald Engelstad (10. mai 190018. september 1972) var ein arbeidsmann frå ØksendalNordmøre, stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag i tida 1945-65, vald for Arbeidarpartiet.

Gunvald Engelstad

Fødd10. mai 1900
Øksendal kommune
Død18. september 1972 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Engelstad var son til ein gardbrukar og smed. Etter han var ferdig med framhaldsskulen, arbeidde Engelstad på gard og gjekk 1915-16 i smedlære. Frå 1920 var han smed ved ulike anlegg. Ut på 1920-talet var han i arbeid i Nord-Trøndelag, der han så var reparatør ved Follafoss Tresliperi frå 1925 til -40 og smed i vegvesenet 1940-43.

Frå andre halvdel av 1920-åra var Engelstad formann i Verran-avdelinga av ]]Norsk Arbeidsmandsforbund]] og Norsk Papirindustriarbeiderforbund. Han var elles formann i Verran AUF 1928-33, Inntrøndelag AUF 1929-40 og Verran arbeiderparti 1931-34. Perioden 1938-40 var han landsstyremedlem i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF).

Engelstad var ordførar i Verran 1935-40. I 1943 vart han arrestert av den tyske okkupasjonsmakta, og sat fengsla på Falstad, Vollan og Grini fram til frigjeringa i mai 1945. Allereie under fangenskapet på Grini stod han sentralt i å gjenreise partiorganisasjonen i Trøndelags-fylka. Frå mai 1945 var han ordførar i Verran til det vart halde kommuneval hausten 1945.

Frå 1945 til -65 representerte Engelstad Arbeidarpartiet og Nord-Trøndelag på Stortinget. På Tinget var han med i Finans- og tollkomitéen dei fire fyrste sesjonane. Frå 1950 var han fast plassert i Skog-, vassdrags- og industrikomitéen til han forlet Stortinget i 1965. Engelstad var elles styremedlem i A/S Fosdalens Bergverk 1946–1970, dei siste 18 åra som nestformann.

Kjelder endre

Stortingsbiografi