Guri Hjeltnes

Norsk historikar og journalist

Guri Hjeltnes (fødd 23. oktober 1953 i Stavanger)[1] er ein norsk historikar og journalist, og direktør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). Frå 2004 var ho professor ved Institutt for kommunikasjon ved Handelshøgskolen BI og ho tiltredde som prorektor 1. januar 2008. Hjeltnes har vore involvert i utviklinga av BI sitt journalistutdanningsprogram som gav ein bachelor i medieutvikling og journalistikk.

Guri Hjeltnes

Fødd23. oktober 1953
Stavanger kommune
NasjonalitetNoreg
Områdefelttoget i Noreg i 1940
Yrkejournalist, professor, historikar
InstitusjonarHandelshøyskolen BI
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
EktefelleBernt Hagtvet
Medlem22. juli-kommisjonen

Bakgrunn

endre

Hjeltnes er dr. philos. i historie frå Universitetet i Oslo 2002. Innanfor journalistikk er ho kjent som mangeårig leiar av SKUP-juryen. Hjeltnes var medlem i Brurås-utvalet som i 2003 gav ei vurdering av handteringa til media av Tønne-saka.

Ho har sjølv arbeidd som journalist blant anna i Arbeiderbladet, og har som historikar skrive fleire bøker, særleg knytt til norsk okkupasjonshistorie.[2] Mellom dei er Avisoppgjøret etter 1945, og dessutan to bind i Handelsflåten i krig og Hverdagsliv i krig. Sistnemnde vart kåra til ei av dei ti viktigaste norske bøkene om andre verdskrigen av ein historikarjury i 2015.

I 2004 vart Hjeltnes først tilsett i avisa Verdens Gang, før ho etter to månader slutta for å tiltre i eit nyopprette professorat i journalistikk ved BI. Ho skriv likevel framleis ofte politiske kommentarar i VG.

Hjeltnes vart utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen i statsråd 12. august 2011.

Ho er gift med statsvitaren Bernt Hagtvet.

Bibliografi

endre
  • Den norske nasjonalsosialismen – sakprosa (1982) saman med Hans Fredrik Dahl og Bernt Hagtvet
  • Hver fredag foran porten – sakprosa (1984) saman med Wanda Heger
  • Hverdagsliv bind 5 i serien Norge i krig ; sakprosa (1987)
  • Avisoppgjøret etter 1945 – sakprosa (1990)
  • Krigshverdag. Bilder fra norske familiealbumer 1940-1945 – sakprosa (1990)
  • Tokt ved første nymåne. Felttoget 1940. Invasjon med kamera og panservogn – sakprosa (1990), saman med Odd V. Aspheim
  • Norsk krigsleksikon 1940-1945 – sakprosa (1995), bidragsytar og medredaktør
  • Handelsflåten i krig 1939-1945, bind 3: Sjømann – lang vakt – sakprosa (1995)
  • Handelsflåten i krig 1939-1945, bind 4: Krigsseiler – krig, hjemkomst, oppgjør – sakprosa (1997)
  • Ordet er fritt! Ein bok til Preben Munthe – sakprosa (2000) bidragsytar og medredaktør
  • Barn under krigen – sakprosa (2000), saman med Berit Nøkleby
  • Det elegante uromoment; Hans Fredrik Dahl og offentligheten, festskrift til Hans Fredrik Dahl, Pax, 2009, redaktør saman med Bernt Hagtvet og Henrik G. Bastiansen

Prisar og utmerkingar

endre
  • Norsk språkpris 1998
  • Sverre Steen-prisen (2009)
  • Anders Jahres kulturpris (2016) for arbeidet med historia til krigssiglarane (delt med Jon Michelet, Helge Jordal og Bård Rasmussen)

Kjelder

endre
  1. Lauritz Jenssen, Hugo (30. juli 2016). «Minnepinen». Dagens Næringsliv. s. 26-28. 
  2. «Minnepinen». Dagens Næringsliv (Magasin). 30. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre