Opna hovudmenyen

Guru Amar Das(5. april 14791. september 1574) var den tredje av dei ti sikh-guruane og vart guru den 26. mars 1552 som etterfølgjaren åt guru Angad Dev dji, som døydde den 29. mars 1552.

Guru Amar Das
Amardas-Goindwal.jpg
Fødd 5. mai 1479
Amritsar
Død

1. september 1574
Goindval

Yrke guru

Føre guru Amar Das dji døydde, utpeikte han guru Ram Das som den fjerde sikh-guruen.

Guru Amar Das dji er kjend for dei følgjande bidraga til sikh-trua:

  • Alle som vitjar gurdvaraene får taka del i fellesmåltidet i langár (matsalen).
  • Han løfta kvinnerolla til å vera likestilt med menn. Han forbaud sati (enkjebrenning).
  • Han sette opp eit administrasjonsystem for drift av meinigheiter.
  • Han skreiv bøna «Anand Sáhib».

BakgrunnsstoffEndra