Gustáv Husák (10. januar 191318. november 1991) var ein slovakisk advokat og politikar frå Bratislava. Som generalsekretær i det kommunistiske partiet (KSČ ) i Tsjekkoslovakia var han den mektigaste politikaren i Tsjekkoslovakia frå 1969 til 1987.

Gustáv Husák

Fødd10. januar 1913
Dúbravka
Død18. november 1991 (78 år)
Statsborgar avTsjekkoslovakia, Republikken Slovakia
PartiDet tsjekkoslovakiske kommunistpartiet (1933)
Yrkepolitikar, advokat, jurist
Utdanna vedjuridisk fakultet ved Comenius-universitetet i Bratislava
Gymnasium Grösslingová
EktefelleMagda Lokvencová, Viera Husáková
BarnVladimír Husák, Ján Husák
Alle verv
  • Tsjekkoslovakias president (1975–1989)
  • First Secretary of the Communist Party of Czechoslovakia (1969–1987) Sjå dette på Wikidata

Hausten 1944 var Husák ein av leiarane for den kortvarige slovakiske nasjonale oppreisten mot Nazi-Tyskland og det slovakiske quisling-styret. Etter verdenskrigen arbeidde han ved ulike partikontor og var frå 1946 til 1950 formann for den slovakiske regjeringa i Tsjekkoslovakia. Under dei stalinistiske utreinskingane i 1950 vart Husák klaga for å vere ein «borgerleg nasjonalist» og dømt til fengsel i 10 år. Gjennom 1960-åra vart han gradvis teken til nåde av partileiinga.

I 1968 deltok Husák aktivt i å slå ned den såkalla Praha-våren. Då Alexander Dubček vart tvinga til å gå av i april 1969, tok Husák over som generalsekretær i kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, ein posisjon han hadde til 1987. Perioden frå 1975 til desember 1989 var han dessutan den fyrste og einaste slovaken som var president i den tsjekkoslovakiske republikken. Husák førte i alle år ved makta ein politikk der han sakte og systematisk gjenoppretta den Moskva-lojale linja.

Kjelder endre