Gustav Thöni

Gustav Thöni (fødd 28. februar 1951) er ein italiensk tidlegare alpinist, frå bygda Trafoi i Stilfs kommune i provinsen Bolzano, som vann verdscupen i alpine greiner fire gongar; 1971, 1972, 1973 og 1975. Han vann OL-gull i storslalåm i 1972, og VM-gull i alpin kombinasjon i både 1972 og 1976, samt VM-gull i både slalåm og storslalåm under VM i alpine greiner 1974. I alt vann han fem gullmedaljar og to sølvmedaljar i dei store meisterskapane i åra 1972-76. Frå februar 1969 til januar 1977 sigra Thöni 24 gongar i verdscuprenn; 11 i storslalåm, 8 i slalåm, 4 i kombinasjon, samt eitt parallellrenn (i slalåm).

Gustav Thöni
Gustav Thöni 1972.jpg
Gustav Thöni i 1972
Fødd 28. februar 1951 (72 år)
Stelvio
Yrke alpinist, skodespelar
Gustav Thöni på Commons
Gustav Thöni på frimerke frå sjeikdømmet Ras al-Khaimah i 1972

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar