Alexandre Gustave Eiffel (15. desember 183227. desember 1923) var ein fransk ingeniør og entreprenør som spesialiserte seg på metallkonstruksjonar.

Gustave Eiffel

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. desember 1832
Dijon
Død

27. desember 1923 (91 år)
Paris

Yrke sivilingeniør, arkitekt, gründer, ingeniør, entreprenør, luftfartsingeniør
Språk fransk
Medlem av Société d'encouragement pour l'industrie nationale
Ektefelle Marguerite Gaudelet
Gustave Eiffel på Commons

Eiffel er mest kjend for Eiffeltårnet i Paris, som blei reist i tidsrommet 18871889 i samband med verdsutstillinga i byen i 1889. Eiffel står òg bak armaturet i Fridomsstatuen i New York og ei rekke bruer. I 1890 teikna han «La Ruche» («Bikuba») i Paris. Huset blei opphavleg reist som ein mellombels struktur i samband med ei utstilling det året, men etter å ha blitt demontert valde ein å reisa det igjen på ein annan stad som billige atelier for kunstnarar.

Eiffel blei innblanda i ein økonomisk skandale i samband med det feilslåtte franske panamakanalprosjektet, og blei i første omgang dømt for dette. Det viste seg at han ikkje hadde hatt noko med den økonomiske sida av prosjektet å gjera, og dommen blei seinare omstøtt.

Ingeniøren døydde heime på Rue Rabelais i Paris, og blei gravlagd på Levallois-Perret-kirkegården i byen.