Ein arkitekt høyrer til ei fagretning som praktiserer arkitektur (kunsten og vitskapen om bygningskonstruksjon). I praksis tyder det at ein arkitekt prosjekterer eit bygg, inkludert utreiing, behovsanalysar, og frå skissering til prosjektering av det ferdige bygget.

Ein arkitekt ved teiknebordet. Illustrasjonen er henta frå Teknisk Ukeblad, 25 mai 1893

Med seg har han interiørarkitektar, og utomhus - landskapsarkitektar/hagearkitektar, og konsulentar i ulike fag innan byggkonstruksjon, elektrisk svak- og sterkstraum, vatn, varme og sanitær (vvs).

Den verna tittelen er sivilarkitekt, som ein får ved å gjennomgå godkjent utdanning i Oslo, Trondheim eller Bergen.

Sivilarkitektane sin faglege organisasjon er Norske arkitekters landsforbund (NAL), arbeidsgjevarorganisasjonen er Arkitektbedriftene, medan arbeidstakarorganisasjonen er AFAG.