Opna hovudmenyen
Gustavsbergs kyrkje
Runda huset

Gustavsberg er ein svensk tettstad i Stockholms län i Uppland, det ligg omtrent 22 kilometer aust for Stockholm sentrum. Tettstaden er Värmdö kommuns administrasjonssenter og i 2005 hadde tettstaden 9 682 innbyggjarar.

Byen heitte opphavleg Farsta, men eigaren av Farsta slott Gabriel Gustafsson Oxenstierna endra namnet i 1640 for å heidre far sin Gustaf Gabrielsson Oxenstierna. Gustavsberg var kommunesenter for kommunen med same namn som blei oppretta i 1902. I 1952 blei Ingarö innlemma i kommunen, før han i 1974 blei slått saman i Värmdö kommun.

Gustavsberg eigentlege historie startar i 1825Gustavsbergs porslinsfabrik blei grunnlagt. Den viktigaste av leiarane for fabrikken var Wilhelm Odelberg, som òg var ein konservativ riksdagsmann og ein aktiv pådrivar til at Gustavsberg blei ein eigen kommune. På den måten slapp ein innblanding frå kommunepolitikarane frå Värmdö.

I starten av 2000-talet blei delar av det gamle fabrikkområdet like ved hamna bygd om til kontor og bustader.

KjelderEndra