Gwächtenhorn er eit 3 420 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits, nær Sustenpasset. Grensa mellom kantonane Bern og Uri går over fjelltoppen i lengderetninga aust-vest. Sjølve fjelltoppen er bredekt.

Gwächtenhorn
fjell
Land  Sveits
Kanton Uri, Bern
Fjellkjede Urner-Alpane
Høgd 3 420 moh.
Primærfaktor 218 m ↓  mot ↑ Dammastock
Koordinatar 46°41′27″N 8°24′48″E / 46.69083°N 8.41333°E / 46.69083; 8.41333
Kart
Gwächtenhorn
46°41′27″N 8°24′48″E / 46.690833333333°N 8.4133333333333°E / 46.690833333333; 8.4133333333333
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Gwächtenhorn

Vest for hovudtoppen ligg Tierberglimmi (eller Chelenlücke), over dette skaret reiser Hinter Tierberg seg. Austryggen fell slakt ned mot 3 159 meter, for vidare å stige lett til Rot Stock (3 183 m). Fjellryggen går vidare i austleg retning til grannefjellet Sustenhorn. Hovudtoppen på Sustenhorn 3 503 m er nord for Gwächtenhorn.

På sørsida er ein bratt fjellvegg som fell ned mot Chelengletscher i Göschenertal. Nordsida er dominert av Steingletscher. Isbreen flyt ned frå toppen i nordaustleg retning. Nord for ein isfri bergrygg renn den breen saman med breen frå Chelenlücke. To breie bergryggar går opp frå nordsida og dannar etter kvart Tierberg og Bockberg.

For ein klatrar er fjelltoppen ganske enkel å nå frå nordsida.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre