Håkan Lidman

Erik Håkan Lidman (31. januar 19156. juni 2000) var ein svensk friidrettsutøvar frå Göteborg. Han vart europameister på 110 meter hekk i 1946, åtte år etter han fekk EM-sølv i same øvinga.

Håkan Lidman
Hakan Lidman-1946.jpg
Fødd 31. januar 1915
Göteborg
Død

6. juni 2000 (85 år)
Estepona

Yrke friidrettsutøvar
Håkan Lidman på Commons
Håkan Lidman, til venstre, og Sten Pettersson i 1935

Lidman var svensk meister på korthekken i tida 1934-45 og 1947-48. Han tok seg til finalen på 110 m hekk under Sommar-OL 1936 i Berlin, der han med tida 14,5 sekundar enda på fjerdeplass. To år seinare tok han sølvmedaljen då EM i friidrett 1938 fann stad i Paris, britiske Don Finlay vann tevlinga på 14,3 og Lidman fekk notert 14,5. I 1940 sette Lidman europarekord i 110 m hekk med tida 14,0, fyrst i 1956 vart rekorden sletta.

Under EM i friidrett 1946 i Oslo vann Lidman gullmedaljen på korthekken etter å ha vorte klokka inn på 14,6 sekundar, belgiske Pol Braekman tok sølv på 14,9. Same sesongen stilte han ikkje opp i den svenske friidrettsmeisterskapen, i protest mot at det svenske friidrettsforbundet hadde utestengd fleire utøvarar på livstid (for brot på amatørreglementet).

Lidman kvalifiserte seg også til OL-finalen på 110 m hekk i London i 1948, men enda som sjette og sistemann.

Han døydde i Estepona i Spania, 85 år gammal

KjelderEndra