Göteborg

svensk by

Koordinatar: 57°42′25″ N 11°57′59″ E

Göteborg er ein by i Göteborg kommun i Sverige. Tettstaden har nesten ein halv million innbyggjarar og er den nest største byen i Sverige. Göteborg er den femte største byen i Norden. Byen er administrasjonsstad for Västra Götalands län og stiftsstad i Göteborgs stift.

Göteborg
by
Göteborg sett frå ein berg- og dalbane i Liseberg-parken.
Foto: David Castor
Land  Sverige
Del av Västergötland
Areal 23 092 km²
Folketal 607 882 (31. desember 2020)
Kart
Göteborg
57°42′27″ N 11°58′3″ E
Wikimedia Commons: Göteborg

Byen ligg på båe sider av elva Göta älv, ved munningen der elva renn ut i Kattegat. Göteborg vart grunnlagd på initiativ av Gustav II Adolf og fekk bystatus i 1621. Busetnaden i Göteborg har for ein stor del vokse saman med omliggande forstader. Tettstaden ligg hovudsakleg i Göteborgs kommun, men omfattar òg delar av Mölndals kommun og Partille kommun.

Göteborg har ein lang og framgangsrik industri- og handelstradisjon, og nokre av dei mest kjende industrikonserna er Volvo, SKF, ESAB og Hasselblad. Göteborgs hamn er også den største i Norden og ein betydeleg del av den svenske importen og eksporten skjer via Göteborg.

Geografi og natur endre

Ustrekking og plassering endre

 
Satellittbilete av Göteborg, fargelagt på grunnlag av informasjon frå det originale biletet. Dei lilla områda er kalde, som til dømes asfalt, hus og bergknattar.

Göteborg ligg på båe sider av Göta älv der elva munnar ut i Kattegat. Delane av byen nord for Göta älv ligg på øya Hisingen. Hisingen, som i sør er skild frå fastlandet av Göta älv og i nord av Nordre älv, som er ein arm av Göta älv som òg renn ut i Kattegat, er den fjerde største øya i Sverige og ligg for det meste i landskapet Bohuslän, medan det øvrige Göteborg ligg i Västergötland. Utanfor Göteborg, i Kattegat, ligg Göteborgs skjergard med mange småøyar. Den sørlege delen inngår i Göteborgs kommune, medan den nordlege skjergarden høyrer til Öckerö kommun.

Göteborgs utstrekking kan definerast på fleire måtar, ein viktig detalj er at det meste av Göteborgs kommune inngår i tettstaden Göteborg. Tettstad er ein statistisk definisjon på busetnad som er samanhengande. I Göteborg omfattar dette òg einskilde delar av Mölndals kommun og Partille kommun. I Göteborgs kommune finst det òg små tettstader som ikkje inngår i tettstaden Göteborg. Desse ligg framfor alt i dei nordaustlege dela av kommunen og på Hisingen.

Byen blir stundom kalla Lilla London eller Sveriges framside.[1]

Grunngjevinga for at byen er kalla Lilla London er at han vart industrialisert av skutar og engelskmenn på 1800-talet og ein hadde difor på denne tida stor handel med Storbritannia. Dette sette preget sitt på byen. Mange av handelsmennene vart rike, mellom anna Chalmers, Carnegie, Dickson, Hall, Keiller. Formuane deira har i etterkant sett preget sitt på mange av byen sin verksemder.

Bydelar endre

Göteborg har som mange andre svenske byar i lang tid brukt sokn (församling) som administrativ inndeling. Göteborgs kommune har òg brukt ein inndeling i 83 administrative bydelar for å halde orden på eigedomsinndelinga. Inndelinga i 21 bydelsnemndsområde har sidan skipinga på 1990-talet vore den viktigaste inndelinga innan Göteborgs kommune og er etter kvart teke i bruk allment. Bydelsnemndsområda er inndelt i primærområder for høvesvis bydelsnemnd.

Sentrale Göteborg:

Austlege Göteborg:

Nordaustlege Göteborg:

Vestre Göteborg:

Hisingen:

 
Vasagatan

Sjå også:

Venskapsbyar endre

Naturreservat endre

Det finst i dag tolv naturreservat i Göteborgsregionen.

Økonomi endre

Innbyggjarane i Göteborg si gjennomsnittsinntekt var i 2006 197 800 SEK.[2]

Arkitektur og bygningar endre

Göteborg er ein by som sidan opprettinga er utforma etter byplanar. Den første blei laga i 1620-21 etter nederlandsk modell og omfatta bykjernen som blei bygd med festningsverk og kanalar, sjå kanalar i Göteborg. Ikkje før på byrjinga av 1800-talet blei byplanen utvikla, og vollane og forsvarsanordningane blei rive. Bybrannar har øydelagd byens bygningar i fleire omgangar, og av dei opphavlege bygningane i byen finst i dag berre Kronhuset igjen. Etter den siste store brannen valde ein å bygge berre murhus innanfor Vallgraven, dei kvartala som blei oppført hadde avgrensa høgd, som framleis er gjenspegla i dagens bykjerne. Ein annan effekt av desse brannane og lover som har regulert byggekulturen i Göteborg er dei i dag så typiske landshövdingehus som først og fremst finst i dei vestlege delane av Göteborg, Bagaregården, Gamlestaden, på Lindholmen og i LundbyHisingen.

Nokre døme på karakteristiske bygningar i Göteborg endre

 
Göteborgs sentralstasjon
 
Oversiktsbilde over Göteborgs hamneinnløp

Bruer og tunnelar endre

Infrastrukturprojekt endre

Transport endre

Vegar endre

Mange av dei vestsvenske vegane møtes i Göteborg. Frå sør kjem E20 frå København og nordfra Mal:Europavegg6 frå Oslo. Andre større vegar som møtes i Göteborg er E45 og Riksveg 40.

 
E6 og E20 i Olskroken

Kollektivtrafikk endre

 
Den populære trikken i Göteborg går i dei breie gatene (trikken på biletet er ein trikk brukt hovudsakleg av turistar).

Trikk endre

Göteborg er i dag ein av få byane i Sverige som framleis har trikk. Byen vert tent av 12 trikkelinjer. Den nyaste utvidinga blei opna i 2003 og linja går mellom Stampgatan via Ullevi og Scandinavium til Korsvägen. I løpet av 2005/2006 blei 40 nye trikkevogner teken i bruk. Den første trikkelinja i Göteborg var hestesporvegen mellom Brunnsparken og Stigbergsliden som blei opna i 1879. Året etter blei linja forlenga til Drottningtorget. Ytterlegare forlengingar kom til, og omkring 1900 fanst det 4 hestetrikkar. I 1902 blei dei to første elektriske trikkelinjene opna og same år forsvann hestetrikkane.

Pendlartog endre

Göteborgsregionen har i dag to pendeltoglinjer i retning Alingsås og Kungsbacka, men ei tredje linje er under bygging mot Älvängen. Nokre av Göteborgs pendeltågs-stasjoner er Göteborgs sentralstasjon, Liseberg stasjon samt Sävenäs der det òg finst ein jernbanestasjon for godstrafikk.

Linje Strekning Opna Stasjonar Stasjonar i utval
Alingsåspendeln Göteborg CAlingsås 1960-talet, ombygging av stasjonane på 1980-talet 12 Partille, Lerum
Kungsbackapendeln Göteborg CKungsbacka 1992 8 Liseberg, Mölndal, Lindome
Älvängenpendeln Göteborg CÄlvängen Under bygging 7 Gamlestaden, Bohus
Totalt 27

Lokaltog endre

Flyplassar endre

I Göteborgområdet finst det to store flyplassar; Landvetter lufthamn, som ligg nokre mil aust for byen, på Riksveg 40 mot Borås og Göteborg City AirportHisingen (tidlegare militærflyplass: Säve flygfält).

Göteborg-Landvetter er nest største i Sverige. Flyplassen blei opna 3. oktober 1977, og erstatta den gamle flyplassen i Göteborgs Lufthamn. Grunnen til at flyplassen fekk namnet Landvetter trass i at han ligg i Härryda sokn var at nabosognet Landvetter hadde eit namn som blei rekna for å vere lettare å uttale for utlendingar. Bokstaven ä er internasjonalt gangbar berre i Norden og i tyskspråklege område.

Göteborg City Airport, eller Gothenburg City Airport, var tidlegare kjend som Säve Flygplats. Denne er den andre, internasjonale flyplassen i byen. Han ligg 14 kilometer nord-vest for Göteborg på øya Hisingen. Flyplassen var tidlegare militær (F9 Säve).

Før Ryanair starta sine flygingar frå GCA hadde flyplassen ca. 9 000 passasjerer per år, medan trafikken i 2005 økte til ca. 500 000. Mengda er venta å auke sidan fleire andre selskap har snakka om å etablere seg der. GCA har kapasitet til å tene fly som Boeing 767, Airbus A320 og andre liknande fly.

Miljø endre

Luftforureining endre

Göteborg er den byen i Sverige som har størst problem med luftforureining. I følge EUs luftkvalitetsdirektiv kan døgnsverdien for NOx-nivåa (NO2) 60 mg/m3 berre overskridast 7 gonger i året. I Göteborgs kommune blei desse nivåa overskridde meir enn 7 gonger berre i januar 2006.

I 2005 gjekk ein òg over grensene for partiklar PM10 på enkelte stader i Göteborgs kommune.

Normal temperatur endre

Måned Normal temp.
1931–1960
Normal temp.
1961–1990
1996 2000 2003
Januar -1,8 -1,6 -2,5 2,3 -1,0
Februar -2,0 -1,6 -4,1 2,9 -1,8
Mars 0,7 1,2 0,5 3,4 2,5
April 5,4 5,2 6,8 7,9 6,7
Mai 11,0 10,9 8,9 14,0 11,3
Juni 14,8 14,9 14,4 14,4 16,2
Juli 17,0 16,2 15,5 16,1 18,8
August 16,3 15,6 18,7 15,9 17,7
September 12,5 12,2 11,0 12,6 14,1
Oktober 8,0 8,5 9,9 11,3 6,1
November 3,9 3,7 4,8 7,6 5,7
Desember 1,1 0,3 -1,7 3,5 3,6
Normal årsmiddeltemperatur 7,2 7,1 6,8 9,4 8,3

Temperaturrekordar endre

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Rekord
Høgast temperatur 9,8 9,9 18,9 28,3 29,8 33,6 33,0 34,1 28,5 21,0 13,4 10,6 34,1
Lågast temperatur -25,9 -26,4 -19,0 -10,0 -4,3 1,3 5,9 2,3 -2,7 -7,2 -15,7 -21,9 -26,4

Nedbør endre

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember
Normal nedbør
1931–1960
57 35 29 40 35 57 78 85 78 69 66 63 692
Normal nedbør
1961–1990
62 41 50 42 51 61 77 68 81 84 84 75 776
2003 82 40 35 77 91 80 101 86 32 112 84 89 909

Kjelde: Statistisk Årsbok 2005

Utdanning endre

I Göteborg, som er ein av dei største studentbyane i Sverige, finst det eit universitet og ein høgskule, Göteborgs Universitet respektive Chalmers tekniska högskola. Chalmers har to campus, i Johanneberg samt på Lindholmen, og utdannar doktorar, lisensiatar, sivilingeniørar, arkitektar, ingeniørar, teknologi kandidatar og nautikerar. I 2001 blei IT-universitetet i Göteborg starta som eit samarbeid mellom Chalmers og Göteborgs Universitet. Her er all IT-utdanninga no samla. I 2006 rekna ein med at det fanst ca. 61 000 studentar i byen.[2]

Første læringsanstalt endre

I 1630 starta byens trivialskola under namnet "Allmän skola till ungdomens undervisning i bokliga konster". Frå 1634 hadde han tilhald i eit trehus på domkyrkjeplassen på hjørnet av Västra Hamngatan og Kungsgatan. Ved hjelp av eit gåvebrev frå dronning Kristina den 27. mars 1647 blei skulen utbygd til å omfatte eit gymnasium som fekk namnet «Götheborgs Kungl. Gymnasium».

Høgskular og universitet endre

Folkehøgskular endre

Kjelder endre

  1. Google søkning; Göteborg + "Sveriges framside" = ca 13 000 treff mars 2007
  2. 2,0 2,1 Engelsk medieguide for EM i friidrett 2006(pdf), arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 1. juli 2012 

Bakgrunnsstoff endre