Soga om Håkon Håkonsson

Norrøn kongesoge
(Omdirigert frå Håkon Håkonssons saga)

Soga om Håkon Håkonsson (Hákonar saga Hákonarsonar eller Hákonar saga gamla) er ei norrøn kongesoge frå 1260-talet som skildrar livet og regjeringstida til den norske kongen Håkon Håkonsson (1204-1263). Soga er skriven av islendingen Sturla Tordsson på oppdrag frå Håkon sin son og etterfølgjar, Magnus Lagabøte.

Forfattar(ar)Sturla Þórðarson
Språknorrønt
Utgjeven1264
Kong Håkon saman med svigerfaren og motstandaren Skule Bårdsson. Illustrasjon frå Flatøybok.

Soga fortel at Sturla Tordsson skreiv henne to år etter at Håkon hadde døydd. Sturlunga saga fortel derimot at Sturla var hjå kong Magnus då Magnus fekk melding om at faren hadde døydd på Orknøyane, og at Magnus bestilte ei soge med ein gong.

Soga skildrar heile livsløpet til Håkon Håkonsson, med vekt på kongeåra. Ein kan dela henne i tre delar: Ein om ungdommen til Håkon, ein om samstyret hans med Skule fram til 1240, og ein om einekongedømet hans 1240-63. Soga er presis i kronologien, med vekt på å markera kva år, og gjerne òg kva årstid, som blir skildra. Ho legg størst vekt på «den ytre politiske historia, særleg strid og motsetningar innanlands og andsynes utlandet, og på biografiske emne».[1] Det er detaljerte referat frå kongelege hendingar som riksmøtet i Bergen i 1223, kroninga i 1247, dottera Kristina si avreise til Spania i 1257 og Magnus sitt bryllaup og kroning i 1261. Fleire av kvada i teksten er dels dikta av Sturla og dels av broren hans Olav Hvitaskald.[2] «Det storhendingar som dei ovannemnde vantar, skruknar forteljinga i hop til ei laus opprekning av stutte tørre notisar, ordna år for år som i dei mellomalderlege årbøkene eller annalane.»[1]

Forfattaren bygger ikkje berre på munnlege opplysningar frå kong Magnus og menn som stod Håkon nær,[3] men har òg henta stoff frå Baglarsogene frå 1217, frå originale brev i dei kongelege arkiva og truleg òg frå administrative lister og dokument frå hoffet.

Soga er karakterisert som tørr og litterært svak, prega av at ho er offisiell historieskriving med eit propagandaføremål, og «somt kan tyde på at Sturla kjende seg klemd og lite inspirert da han skreiv».[1]

Teksten er kjend frå fleire handskrift, med nokre variasjonar. Dei viktigaste handskrifta er Flatøybok, Codex Frisianus, Eirspennill og Skålholtsbok.

Norske utgåverEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Knut Helle. Innleiing, i 1963-utgåva.
  2. snl.no Hákonar saga gamla
  3. Ólafía Einarsdóttir. «Om samtidssagaens kildeværdi belyst ved Hákonar saga Hákonarsonar» I: Alvíssmál; nr 5 (1995) ISSN 0942-4555. Sitat «Ved læsningen af Hákonarsaga mærkes til fulde, hvorledes den tidsmæssige nærhed påvirker hele fortællingen, især i perioden efter Skuli jarls fald.»