Opna hovudmenyen

Håkon Opdal

norsk fotballspelar

Håkon André Eikemo Opdal (fødd 11. juni 1982) er ein norsk fotballspelar frå Odda. Han var fast målvakt i Brann frå sommaren 2004, då klubben selde Ivar Rønningen til Rosenborg, fram til etter 2011-sesongen. Frå 2012 har Opdal vore fyrstemålvakt for den danske klubben Sønderjysk Elitesport.

Håkon Opdal
HåkonOpdal02(cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Håkon Eikemo Opdal
Fødd 11. juni 1982
Fødestad Odda
Høgd 187 cm
Posisjon Målmann
Ungdomsklubbar
Odda FK
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-11
2012-
2012-
Brann
SønderjyskE
Idrettsklubben Start
178 (0)
8 (0)
Landslag
1998
1999
2000
2002-2004
2006-
Noreg G16
Noreg G17
Noreg G18
Noreg U21
Noreg
7 (0)
4 (0)
6 (0)
13 (0)
12 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. juli 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 24. juli 2011

KarriereEndra

Han vart for alvor ein del av klubben sitt A-lag då Brann selde Magnus Kihlstedt sommaren 2001 til FC København, og debuterte i cupkampen mot Ørn Horten kort tid etter. Han fekk sin eliteseriedebut for Brann i den siste seriekampen i 2002, som innbytar mot Rosenborg. I 2003 fekk han spela fleire kampar frå start ettersom Rønningen i periodar var ute med skade. Han vart ved enkelte høve foretrekt framfor Rønningen då sistnevnte var skadefri, men var for det meste andrevalg.

I 2004-sesongen fekk Opdal mykje av æra for at Brann gjekk til cupfinalen som dei vann. Han vart helt i straffesparkkonkurransen i 4. runde i cupen mot Bodø/Glimt då han vart matchvinnar både som fylgje av viktige redningar, og ved at han sette inn det avgjerande straffesparket sjølv.

Han var ein av Brann sine betre spelarar i 2005 til tross for at Brann-fansen og fotballekspertar meinte at keeperplassen var Brann sin svakaste lagdel før sesongstart. Opdal har fått kritikk for at han manglar autoritet i feltarbeidet, og har fleire gonger slept inn mål som fylgje av dårleg inngriping i feltet. På den andre side er han rekna som svært god på streken, og spesielt imponerande i éin-mot-éin-situasjoner.

I 2006-sesongen har Opdal fortsett utviklinga si. Han held fram å prestera på streken, men har no òg fått betre eigenskapar i feltet. Før sommarpausen slepte Opdal berre inn 7 mål på 11 kampar. Det gjorde at media og landslagstrenar Åge Hareide verkeleg har fått augene opp for Brann-keeperen. Det resulterte i plass i troppen mot Sør-Korea i mai 2006, men Opdal sett på benken heile kampen.

Håkon Opdal har 10 kampar for det norske U21-landslaget. Han har tidlegare spelt for Odda. Far hans er noverande ordførar i Odda kommune, John Opdal.

KjelderEndra