Hålandstunet er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Håland er ein gammal storgard som ligg ein liten avstikkar frå riksveg 13 i Erfjord. Anlegget er restaurert, og består av stovehuset, Målarstova og Håmannsbua.

Håland i Erfjord

Historia om Håland som museumsgard starta i 1960. Da fekk Rogaland Folkemuseum Målastova og Røykstova med Håmanns-bua som gåve frå Hadle Haaland. Føresetnaden var at museet, i samarbeid med ei museumsnemnd nedsett av Erfjord bygdeungdomslag, skulle setta bygningane i stand og bruke dei som bygdemuseum.

Målastova var kjent som eit viktig kulturminne alt lenge før denne tida. Dekorasjonsmålinga i stova er truleg frå 1640-talet. Dette er meir enn 100 år før det blei vanleg å dekorere gjestebuene på gardane i Ryfylke med rosemåling. Målastova er derfor sjeldan og ho har stor aldersverdi. Ho er og eit minne frå ei tid da den direkte handelen med utlandet førte kapital, idear og menneske til Ryfylke frå landa kring Nordsjøen

Målastova var ikkje i god stand da museet overtok ho. Ho hadde vore brukt som vedbu ei tid, og det meste av målinga på veggane var slite av. Men taket var godt bevart, og etter ei restaurering kring 1980, reknar vi med at dette er sikra.

Håmannsbua har truleg vore brukt til oppbevaring av tekstilar, som gjestebu og til møte når det blei halde ting på Håland. I tida før museet overtok bygningane hadde røykstova vore brukt til eldhus, mjølkebu, jordkjellar og verkstad.

Hovudbygningen på Håland blei overtatt av museet i 1996. Huset vart restaurert til slik det såg ut kring 1890.

Møblane og inventaret er delvis frå Barkeland og frå samlingane til Erfjord bygdemuseum. Ein sjeldan gjenstand i samlingane frå Håland er Kong Christian den IIIs bibel frå 1550. Det er spesielt at eit eksemplar av denne første danske bibelomsettinga kom til Håland, og at ein har lukkast med å ta vare på han. I dag kjenner vi til berre 36 eksemplar av denne bibelen i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre

59°21′9″N 6°14′9″E / 59.35250°N 6.23583°E / 59.35250; 6.23583