Ryfylkeutsyn over Lysefjorden frå Preikestolen.
Sjå òg avisa Ryfylke.

Ryfylke er eit distrikt i indre og midtre Rogaland, nord og aust for Jæren med Stavanger by og aust for Haugalandet.

Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. I Ryfylkebassenget, fjordsystemet mellom fastlandsområda i Ryfylke, finn ein Ryfylkeøyane. Den største, Ombo lengst aust, og vestover er dei største øyane Finnøy, Rennesøy og Mosterøy. Kvitsøy ligg lengst vest ut mot Nordsjøen.

Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste fjelltoppen. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.

Ryfylke har turistattraksjonar ved Lysefjorden som Preikestolen i ytre delen av fjorden og Kjerag nær Lysebotn. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. RyfylkemuseetSand i Suldal er regionmuseum for distriktet.

Utvikling av omgrepsbrukenEndra

Det eldste kjende namnet på noverande Rogaland er nettopp Rogaland, men på 1200-talet gjekk det or bruk og vart erstatta av Rygjafylki, i moderne språkdrakt Ryfylke. Båe namna er danna av innbyggjarnamnet ryger, som er omtalte allereie omtrent år 100.

Tidleg på 1500-talet vart Ryfylke delt i fleire futedøme. Inndelinga var dei første åra litt ustabil, men vart snart fastlagd til to futedøme: Det søre vart kalla Jæren-Dalane og det nordre Fjordane-Karmsund. Medan Jæren og Dalane er levande distriktsnamn den dag i dag, fekk ikkje Fjordane-Karmsund feste som namn på futedømet. I staden vart det snart skift ut mot Ryfylke, som såleis fekk ein snevrare geografisk definisjon: Dei sørlegaste bygdene var Kvitsøy, Bru, Åmøy, Riska, Svihus, Gjesdal og Øvstabødalen, medan grensene mot Agder i aust og Hordaland i nord var dei same.

Området har sidan vorte ytterlegare innsnevra: Ein gong på 1600-talet vart Riska og Gjesdal overførte til Jæren, og 1840 gjekk Austre Åmøy (i Hetland sokn) og Svihus (i Høyland sokn) den same vegen. Same året vart òg grensa i nord justert slik at amts- og futedømegrensa heilt fall saman med soknegrensene. Frå då av var sokna Kvitsøy, Askje, Strand, Høle og det i 1852 utskilde Forsand dei sørlege utpostane i Ryfylke. Endå i 1890 var nordvestlege Rogaland inne i Ryfylke. Etter eigedomsmatrikkelen blei Ryfylke fogderi skildra som kommunane frå Høle og Fossan i sør, til og med TorvastadKarmøya i nordvest, med Kvitsøy som ein del av Mosterøy herad.[1]

I nord kom Ryfylke til å krympe. Haugesund vart grunnlagd på midten av 1800-talet og voks etter kvart til ein viktig by. På 1900-talet vart Haugalandet etablert som distriktsnamn på byen og omlandet, som til dels òg strekkjer seg over fylkesgrensa inn i Sunnhordland, og samstundes har Ryfylke gått or bruk om området. I 1978 blir ytterkantane av Ryfylke skildra med bygdene rundt sørsida av Høgsfjorden og Frafjorden i søraust til nordsida av Nedstrandsfjorden i nord og med indre Suldal med Nesflaten i aust. Grensa mot Haugalandet er her vest for Nedstrand og Vats, men nokså uklår.[2]

I 2020 er ryfylkenamnet i bruk i to institusjonar. Ryfylke IKS er samarbeidsrådet for fastlandskommunar i Ryfylke: Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.[3] Ryfylke prosti består av dei kyrkelege fellesråda frå Strand til Sauda.[4]

KjelderEndra

Referansar
  1. Fortegnelse over matrikulerede Eiendomme og deres Skyld i. [s.n.] 1890. 
  2. Ryfylke. Dreyer bok. 1978. s. 4. ISBN 8270960497. 
  3. Ryfylke IKS Nettstaden, henta 8. februar 2010
  4. Ryfylke prosti Nettstaden, henta 8. februar 2010

BakgrunnsstoffEndra