Hårbergsteinen
Hårbergsteinen er ein runestein frå Hårberg i Rissa kommune i Trøndelag. Steinen stod opphavleg i tunet på Hårberg, men vart på eit ukjend tidspunkt lagt som vegdekke i hovudvegen, som gjekk gjennom tunet. Deretter vart steinen teken opp og brukt som bygningsstein i ein fjøsmur. I 1927 vart fjøset rive, steinen vart teken ut og innskrifta vart oppdaga. Theodor Petersen ved Vitskapsmuseet vart varsla, han kom ut til Hårberg og fekk teke ei førebels skildring av steinen. I 1956 vart steinen henta inn til museet, der han enno er ein del av samlingane.
Teksta er:
- utar raisti stain aft(ir) ..(au)rn fauþur sin
På norrønt er det: Óttar reisti stein eptir Ǫrn (eller Bjǫrn), fađur sin
På moderne norsk vert dette: «Ottar reiste stein etter Ørn (eller Bjørn), far sin».
Innskrifta er frå midten av 1000-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hårbergsteinen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. 5 : XIV. Sør-Trøndelag fylke ; XV. Nord-Trøndelag fylke ; XVI. Nordland fylke ; XVII. Troms fylke. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt.