Håsete

mannskap på ein farkost

Håsete (frå norrønt háseti, av hár, 'keip', og -seti, 'ein som sit') er eit eldre norsk uttrykk for mannskap på ein farkost som ikkje er styrmann[1]. I norrøn tid, då det var vanleg å ro skipa, hadde mannskapet sete ved kvar sin keip. Då jektene kom sat ikkje mannskapet lener ved kvar sin knip, men dei vart framleis kalla håsete. I samband med jektefarten fungerte mannskapet (håsetane) både som matrosar og som føringsmenn[2]. Ein føringsmann var ein som hadde ansvar for noko av lasta. Det var føringsmannen som sende varene han hadde ansvaret for og kjøpte returvarer til den som hadde send varene.

Referansar endre

  1. «håsete» i Det Norske Akademis ordbok
  2. B. Pedersen, Jekta - Eventyrets farkost, Museumsforlaget, 2019.