Håsteinsfjorden
Håsteinsfjorden er ein fjord på grensa mellom kommunane Randaberg, Kvitsøy og Sola. Fjorden ligg heilt ute i havgapet vest for Stavanger. Håsteinsfjorden har ei lengd på om lag 10 km frå Higland i Kvitsøy i vest til Sandviga ved Randaberg i aust. Frå nord til sør er fjorden om lag 8 km brei frå området vest for Vistevika til øya Alstein i nord ved innløpet til Kvitsøyfjorden.
Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.