Håv (frå norrønt háfr, som har med å heve eller lyfte å gjere) er ein reiskap forma som ein notpose som er halde utspent og open og festa til eit handtak eller ei lang stong.

Døme på ein håv
Fangst av lundefuglFærøyane med lange håvar, sokalla fleiestenger.

Håv vert nytta til å få på land fisk og små dyr frå vatn, eller til å fange insekt, dyr eller fugl med på land og i lufta. Storleiken på håven, på maskene i nota, og lengda på handtaket eller stonga varierer med kva håven skal nyttast til.