Lundefangst er systematisk fanging av lundefugl for å gjere seg nytte av kjøt, fjør og dun.

Lundefangstmann på Suðuroy.

I bustader frå steinalderen har arkeologar funne restar av sjøfugl på avfallsplassane. Det har truleg vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.

Naturgrunnlag endre

 
Lundefuglen grev seg reirgangar i dei bratte grasbakkane.

Av dei om lag 50 sjøfuglartane som er vanlege langs norskekysten,[1] er det særleg ærfugl, alke og lundefugl som har vore økonomisk viktig. Hjå ærfuglen vert duna teken vare på. Alka vert helst fanga på sjøen eller skoten, medan lundefuglen vert fanga i fuglefjell.

Om vinteren held lundefuglen seg mykje på ope hav; Nordsjøen, Norskehavet, Nord-Atlanteren og Barentshavet. Ein del er å finne nær land, mellom anna langs norskekysten.

Om våren kjem lunden inn til kysten, og slår seg etter kvart til i fuglefjella. Lunden stiller ein del krav til naturtilhøva for at han skal slå seg til. Han må ha tilgang på føde, endå om han må langt til havs for å finne ho. Lundefuglen er flokkfugl, og fjellet må gi plass til store flokkar. Sidan han treng sterkt hallande terreng for å lette, finn vi han i dei bratte fuglefjella. Han rugar i steinurer eller grev seg inn i grasbakken.

På norskekysten rugar han frå Rott utanfor Stavanger og nordover. Med dei særlege krava til rugestad desse fuglane har, finn vi dei på få stader, men gjerne i stort tal. I Noreg veit ein at lundefangst har vore viktig på Lovund, Fugløy i Gildeskål, Røst, Værøy og Karlsøy i Troms.

Fangstsesong endre

Det har vore to viktige fangstperiodar for lundefugl. Første perioden var når dei vaksne fuglane slo seg til i fjellet om våren. Då er dei feite og ettertrakta som mat. Ut i rugeperioden vart det slutt på denne fangsten. Neste fangstperiode har vore når ungane har vorte store og skal til å forlate reiret. Det er etter at dei har felt ryggduna. Då har dei vore ettertrakta i eit par vekers tid. Foreldra sluttar å mate dei, og ungane vert etter kvart magre om dei ikkje kjem seg på sjøen. Då har fangsten vore mindre.

Fangstformer endre

 
Lundeunge

Hand og kjepp endre

Sjølv om lundefuglen ikkje er ein sky fugl, er det vanskeleg å fange han utan særlege hjelpemiddel. Under visse vêrforhold kan han takast med berre hendene. Det kan skje om det er heilt stilt, eller vinden slår ned i fjellet slik at lunden ikkje får luft under vengane. På Island vart det brukt kjepp til å slå lunden når han ikkje kunne lette. Denne vêravhengige fangsten hadde ikkje så stor betydning, då han ikkje kunne planleggast.

Det har og vore drive fangst av lunde i reirgangane, utan eller med minimalt med reiskap. Dei fleste reira ligg så djupt at ein ikkje når inn til dei med berre armane. Når dette har vorte gjort, har det vorte brukt kraftige vottar, sidan fuglane, særleg dei vaksne, har eit kraftig bit. Fangst på denne måten vart lenge praktisert på Færøyane.

I tillegg til at kjepp har vore brukt til å slå fugl utanfor reiret, har ein liten kjepp og vorte brukt til å få fuglane ut or bakken. Antan fekk ein drive fuglen ut, eller han beit seg fast så han kunne dragast ut. Dette har vore ein utbreidd fangsmåte. På Færøyane vert han kalla dráttur. Det er grunn til å tru at det var slike fangstmåtar, utan eller med enkel reiskap, ein nytta i steinalderen.

Krokfangst endre

Krokfangst av lundefugl er og ei svært gamal fangstform. Det vert brukt ein noko lengre kjepp med eit jarn festa til enden. Jarnspissen er ofte forma som ein krok. Han kan likne på ein stor fiskekrok utan agnhald. Denne reiskapen vert brukt til å drage lundefugl ut or reirgangane. Det gav betre resultat enn bruk av berre handa eller ein kort kjepp. Han eigna seg og betre til å fange ungfugl, sidan ein ikkje var avhengig av at fuglen beit seg fast. På Færøyane høyrer ein at det vart grave ned i grasbakken for å nå i fuglen. Det vart fanga med krok på Runde på Sunnmøre.

På Færøyane er denne fangstmåten gamal. I Noreg fanga ein på denne måten til ut på 1800-talet. På Island fanga ein med krok til det vart forbode. Ein veit og at det har vore krokfangst i lundekoloniane utanfor Hebridane; Sula Sgeir og Ronay.

Fangst med hund

Men Bønderne hvilke besidder den Plan,
Veed vel at antaste de Lunder med Ran,
Og det ved afrettede Hunde,
Som er udaf Danelse smidig og smaa,
Saa de kand indkrybe den ringeste Vraa
Og udtrecke levende Lunde.

 
Lundehund

Fangst med små hundar har tidleg vore ein måte å få tak i lunden.Vi kjenner til bruk av hund attende til 1591.[2] Den norske lundehunden stammar frå hundar som var i bruk på Måstad i Lofoten i mellomkrigstida. I tillegg til Nord-Noreg veit ein at det har vore fangst med hund på Hebridane, Færøyane og Island. Det er ukjent om hundar dei brukte der, er av same type som norsk lundehund.

Hund har vorte brukt i kombinasjon med enkle hjelpemiddel som kjepp og krok. Han vart mest brukt til fangst av lundetola, dei store ungane som var klare til å kaste seg på sjøen. Hund vart helst brukt i urd, men han kunne og brukast i gangar i bakken.

Familiar som dreiv fangst med hund hadde oftast mange hundar. Fangsten føregjekk mykje om natta. Då kjem lundeungane ut for å prøve vengane, og kanskje take spranget utfor berget. Lundefangst med hund var oftast arbeid for kvinner og born. Fangaren stilte seg på ein oversiktleg stad i fangstområdet. Når hunden som søkte i urda høyrde lunden, prøvde han å nå tak i fuglen ute. Lundehunden er svært mjuk. Han kan mellom anna legge hovudet flatt bakover ryggen og late att ytterøyra. Dette gjer at han kunne fylgje etter inn i reirgangen. Ein god hund vil take fuglen uskadd til eigaren, som avlivar byttet og gjer klar til transport. Hunden kunne gjerne få den første fuglen, elles var det skryt, kjæling og klapp som var motiveringa. Ein vanleg fangst for ein hund var 120 – 130 lundar på ei natt.

Garnfangst endre

Garnfangst av lunde er ein nyare fangstmåte. Ein høyrer først om den i 1740. Då vart lunde og annan fugl fanga med nett på Nord-Fugløya ved Karlsøy i Troms. Frå midten av 1800-talet vart det ein vanleg fangstmåte.

Garnfangst av lundefugl har vorte utført på to ulike måtar. Garn har vorte sett ut over lundereira for å fange fugl som kom og drog. Eller garnet har vorte kasta over fugl som lettar.

Settegarna vart utlagde ein dag og ettersett den neste. Det var oftast gamle fiskegarn som vart brukt. Garna vart utsett ved at ein mann på kvar side rulla dei ned gjennom urda. Når garna vart røkta vart fuglen drepen før han vart løyst or garnet. Fangarane starta øvst i urda og arbeidde seg nedover. Då slapp dei å bere fangsten oppover. Garna vart flytte under røktinga. Stader med mykje fugleskit vart rekna som gode, sidan der truleg var mest fugl. Med 5 garnsetningar, som gjerne gav 40 fuglar kvar, kunne det lett verte eit fangstresultat på 200 lundar på ei natt. På fuglerike stader kunne utbyttet vert ein god del større. Denne fangsten gjekk føre seg om våren og eit bel ut i rugesesongen. Det var vaksen fugl som vart fanga. Settegarn har vore brukt både i steinurder og over grasbakkar der lunden har reirgangar. Settegarnfangst har vore brukt fleire stader i det nordatlantiske lundeområdet. I Noreg er dette kjent frå Nordland, Troms og Finnmark. Lenger vest er det dokumentert på Island, på Orknøyane Og på Ramsey Island og Lundy utanfor Wales og Cornwall.

Kastegarn vart brukt der det gjekk revner og små dalsøkk nedover fuglefjellet. To mann la seg i skjul i kvar sin ende av garnet og venta til fuglen roar seg. Så tok dei telna over nakken og sprang kvar sin veg på skrå oppover. Når dei skremde fuglane skulle lette, tapte dei mykje høgd før dei fekk luft under vingane. Mange hamna såleis i det oppstrekte garnet. Fangarane slepte garnet som hamna i bakken, og fuglen vart avliva. Det var ikkje uvanleg med ein fangst på 100 lundar i eit slikt kast. Lundefangst med kastegarn var ikkje vanleg, og er kjent berre frå Røst.

 
Fangstmenn på Færøyane med lundefangst og fleiestenger.

Andre fangstformer endre

Fleiing er ei fangstform som høyrer heime på Færøyane. Fleiestonga er som ein lang håv. Stonga kan vere om lag 4 meter. Eit nett er festa i enden. Fangaren tek lunden i flukt. Ein erfaren fangstmann kan ta 3–400 lundar på ein dag.[3] I Noreg har det vorte fanga lundefugl med håv. Det vart forbode i 1899.[2]

Fangsten endre

Lundefuglen vart avliva så snart fangstmannen fekk tak i han. Fangaren tok fuglen i beina med ein handa. Tok så nakken av fuglen mellom peikefinger og langfinger på andre handa. Samtidig som nakken vart strekt fekk han ei rask vriding, og fuglen var død. For å få med seg fangsten etter kvart som han jakta, hadde fangaren eit snøre kring hofta. Under det stakk han lundehovudet slik at fuglen hang fast. Ein lunde veg 400 til 450 gram. Ein fangst på 100 fugl gir då ei bør på over 40 kg, så det var eit tungt arbeid å få fangsten heim. Før ein starta transporten vart fire og fire fuglar bundne saman i ei snor som vart hengd over nakken. Då fekk ein ei laus bør som ein kunne kvitte seg med om det vart kritisk i det bratte terrenget. Det er døme på at folk har vorte dregne utfor stup av lundebører som har vore fastbundne til kroppen.

Totalfangsten endre

Forsøk på å berekne det totale fangstutbyttet viser at det på Lovund vart fanga 15–20 000 fugl for året. Under 2. verdskrigen kring 30 000. På Værøy og Røst er det snakk om liknande tal. Sjølv om det har vore lundefangst i mykje av det nordatlantiske lundeområdet, ser ein ingen indikasjon på at det har gått utover bestanden. Dette mykje fordi lokalbefolkninga berre har teke ut det dei har hatt bruk for.

Lundefuglen er no på nasjonal raudliste (2006) for trua artar i Noreg med status «sårbar (VU)». Dette skyldast matmangel grunna overfiske, og drukning i fiskereiskap.

Bruk av fangsten endre

Lundefuglen gav mat, fjør og dun. For å få så god kvalitet som råd på lundeduna vart fuglen ribba og plukka så snart som råd. Reiskapen som vart brukt var anten ei trestikke eller ein kniv. Mange hadde ein spesialkniv som vart kalla krossekniv. Berre velet og vengane vart ikkje nytta. Det var arbeidskrevjande å stelle ein fangst på kanskje 200 fugl. Ein øvd plukkar brukte 3-4 minutt på ein lunde. Det gir 10-12 timar arbeid berre på duna. Lundedun er gjerne fellesnemning for dun og fjør.

 
Tola, lundeungar, klar for kjøkkenet.

Kjøtet endre

I periodar med store fangstar var det vanskeleg å gjere seg nytte av all maten. Kjøtet av vaksen fugl på førsommaren vart gjerne brukt ferskt. Dei feite ungfuglane kunne saltast til vintersmat.

Døme på korleis lunden vart tillaga:

  • Kvardagsmaten var gjerne rundlunde. Då vart lundeskrotten steikt så heil som råd.
  • Til lundesteik vart fuglen oppdelt og steikt i mindre stykke.
  • Lundesodd var kjøttsuppe kokt av lunde.
  • Til søndagsmiddag vart ofte tola, den feite ungfuglen, først godt kokt og så utbretta og steikt under press.
  • Lunden kunne og tørkast til spekemat.[4]

Duna endre

Duna hadde stort økonomisk verde. I tillegg til eige bruk vart ein god del selt. Lundedun har vorte brukt til sengklede. Ho var tyngre enn dun frå ærfuglen. På helgelandskysten kalla ein dynene fjørdyner når dei var fylte med lundedun, og dundyner når dei var fylte med ærdun. Det måtte om lag 50 fuglar til for å få ein kilogram lundedun. Og 300 fuglar til ei fjørdyne på 6 kg.

Fotnoteliste endre

  1. Oscar Sund: Skårungen Oslo 1943
  2. 2,0 2,1 Svein Molaug (1985). Vær gamle kystkultur I. Dreyer forlag. s. 392. ISBN 82-09-10214-1. 
  3. Grindedrap, fuglefangst og eggsanking, arkivert frå originalen 23. januar 2005, henta 4. september 2008 
  4. Norsk lundehundklubb:Lundehund og lundefangst.

Kjelder endre

  • Knut Kolsrud: Lundefangst i NORVEG Folkelivsgransking 19. Norges almenvitenskapelige forskningsråd 1976.
  • Dag Sørli: De gamle fuglefangernes grend. Bodø 1998