Håvard Tveite (5. mars 196230. mai 2021) var ein norsk geomatikkforskar, orienteringsløpar og idrettsleiar frå Ås i Akershus. Han var bestemann i verdscupen i orientering 1990 og vann VM-gull i stafett i 1987 og 1989, i den siste meisterskapen kom han på bronseplassen i den individuelle tevlinga.

Håvard Tveite
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1962
Ås kommune
Død

30. mai 2021 (59 år)

Idrett orientering

Karriere endre

Orientering endre

I løpet av perioden 1985–2002 vann Tveite i alt 13 NM-gull i orientering. Såleis vart han sju gongar noregsmeister i langdistanse; 1985, 1988, 1989, 1990, 1996, 2000 og 2002, tre gongar i normaldistanse: 1990, 1995 og 2001, to gongar i kortdistanse: 1990 og 1991, og dessutan ein gong i sprint: år 2000. Tveite, som var medlem i Ås Idrettslag dei fleste år, vart norsk meister i stafett 1990 med NTHI frå Trondheim.

Internasjonalt sanka Tveite fire stafettmedaljar i verdsmeisterskap og to i nordiske meisterskap. I 1987 og 1989 vart det VM-gull, medan han i 1990 og 1992 tok nordisk stafettgull. Elles fekk han med stafettsølv i orienterings-VM 1991 og stafett-bronse i VM 1997. Individuelt kom han på sjetteplass i VM 1987 og vann bronsen i VM 1989. I 1990 vart han sølvmedaljør i nordisk meisterskap, året etter vart han nummer 7 og norsk bestemann i verdsmeisterskapen.

Friidrett endre

Tveite deltok også i friidrett, då som representant for IL Skjalg. To gongar, 1988 og 1991, vart han noregsmeister i 20 km terrengløp. I 10 000 meter på bane vart han i Trondheim i 1988 klokka inn til 29.33,2 og personbeste.

Forsking endre

Tveite var geomatikkforskar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Frå denne posisjonen var han ei leiande kraft i nasjonal og internasjonal kartutvikling i orienteringsidretten.

Kjelder endre