Hérens er eitt av 14 distrikt i kantonen Valais i Sveits. Distriktet har eit areal på 443,5 km² og hadde 10 363 innbyggarar i 2010. Hérens er delt i to, då ein del av distriktet Sion ligg mellom den mindre norddelen av distriktet Hérens og den større sørdelen av same. Hérens grensar i sør mot Italia og i nord mot kantonen Bern.

Hérens
Bezirk Hérens
distrikt
Land  Sveits
Kanton Valais
Hovudstad Evolène
Areal 443,5 km²
Folketal 10 363  (2010)
Kommunar 7
Kart
Hérens
46°11′38″N 7°25′26″E / 46.19388889°N 7.42388889°E / 46.19388889; 7.42388889
Wikimedia Commons: Hérens District

Hérens omfattar dei sju kommunane Ayent i den nordlege enklaven, og dei seks andre; Evoléne, Hèrèmence, Les Agettes, Mont-Noble, Saint-Martin og Vex i den sørlege delen.

Kjelder endre